Resultatbørs

Arkeologiske undersøkingar

Institusjonar og prosjekt inviterast til å presentere siste nytt, kort og konsist. Resultatbørsen skal gje eit raskt innblikk i nye ting som skjer i faget, og føredragshaldar bes om å spisse innlegga, gjerne mot prioriterte problemstillingar.

Påmelding må bli samordna av den enkelte institusjon før den sendast NAM-styret. På grunn av avgrensa plass i programmet, oppmodar me kvar institusjon til å sende ein representant som kan formidle høgdepunkt frå sesongen, og me ber om ein kort grunngjeving om kvifor innlegget bør få plass. Me ber institusjonar og prosjekt om å vere tidlig ute med påmeldinga.

Felles påmelding med tittel på enkeltpresentasjonane, samt namn på den som skal halde presentasjonen, sendast NAM-styret ved nam@arkeologiinorge.no innan 22.september.

 

Arkeologiske forskningsprosjekt

Nytt av året vil me halde ein eigen sesjon av resultatbørsen til arkeologiske forskingsprosjekt. Vårt mål er at dette vil bli ein måte for arkeologar til å halde seg oppdatert på nye resultat frå norsk arkeologisk forsking. Formatet betyr at presentasjonen må gje ein overordna og kortfatta presentasjon av forskingsresultat, for orientering og formidling til eit breitt fagleg publikum.

Me oppmodar både institusjonar og enkeltpersonar til å bidra på denne delen av resultatbørsen, og ynskjer resultat frå større forskingsprosjekt så vel som resultat frå doktorgradsprosjekt eller liknande.

Påmelding sendast NAM-styret ved nam@arkeologiinorge.no innan 22.september.

Alle rettigheter © NAM | Gnist - web som funkler!